Hopp til hovedinnhold

Kvifor velje studiespesialisering ved Sotra vidaregåande skule

Tre elevar som speler eit spel

På Sotra vidaregåande skule tilbyr vi eit trygt og godt skulemiljø der trivsel og læring står i fokus. Utdanningsprogrammet studiespesialisering er lokalisert på Bildøy i kort avstand frå flotte naturområde med Bergen og dets kulturopplevingar ein kort busstur unna. I tillegg har vi tilgang til Sotra Arena og kan derfor tilby elevar på studiespesialisering programfaga breiddeidrett og toppidrett i unike omgivnader saman med elevane på idrettsfag.

Utdanning i studiespesialisering handlar i stor grad om å leggje eit breitt grunnlag for å opne moglegheiter i arbeidslivet. Svært mange yrke krev høgare spesialisert utdanning, og Sotra vidaregåande skule har eit spesielt fokus på å gjere elevane våre godt førebudd til studielivet. Gjennom samarbeid med fleire av dei sterkaste utdanningsinstitusjonane i landet jobbar vi kontinuerleg med å tilpasse undervisninga slik at elevane våre skal stå sterkt uansett kvar dei vel å studere vidare. 

Vi er svært stolte over å kunne tilby elevane våre eit breitt og spennande fagtilbod på studiespesialisering ved skulen vår. Vi vil mellom anna trekkje fram psykologi og rettslære, som er svært populære blant elevane våre, pluss at vi kan tilby ei god breidde av realfag. Vi tilbyr dessutan som nemnt alle elevar på studiespesialisering å ta toppidrett eller breiddeidrett saman med elevane på idrettsfag. Frå og med 2024-25 vil vi også tilby det til elevar på vg1.

På Sotra vidaregåande skule er vi også opptatt av å gi elevane våre variert og utfordrande undervisning. Vi har i fleire år nytta VR i undervisninga, og vi jobbar no aktivt med å inkludere KI (kunstig intelligens) i ulike fag. På tvers av faga våre har vi eigne program for å auke den digitale kompetansen til elevane tilpassa ei verd der dette er sentralt for å lykkast i framtidas studie- og arbeidsliv. 

Ein av våre viktigaste verdiar er at elevane våre skal trivast på Sotra vidaregåande skule, og dei årlege elevundersøkingane viser at dei gjer det. Vi startar skulereisen hos oss med ein «bli kjent»-tur i starten av første klasse og har to kontaktlærarar første året på studiespesialisering. Vi har også faglege og sosiale klubbar på skulen, og fleire fag har spennande reiser både innan- og utanlands, som i tillegg til å ha stor fagleg verdi skaper varige minne.

Velkommen til ein spennande utdanning på Sotra vidaregåande skule!