Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering med teknologifag

Elevar som utførar eit kjemieksperiment

Er du interessert i teknologi og har samstundes lyst å ta studiekompetanse? Studiespesialisering med teknologifag gir deg spesialisert utdanning innanfor teknologiske fag. Utdanninga passer for deg som ønsker å studere vidare til ingeniør, sivilingeniør eller andre tekniske og naturvitskaplege jobbar.

Kvifor velje studiespesialisering med teknologifag?

Dette er utdanningstilbodet for deg som er interessert i innovasjon, entreprenørskap, ingeniørfag, medisin, forskning og teknologi.

Vi er ein av to skuler i landet som tilbyr dette studieprogrammet. Faget gir deg særskilt godt grunnlag for vidare studiar innan teknologi og forsking. 

Opplæringa skjer i eige verkstad, med mellom anna 3D-printarar og satsing på robotteknologi.

Søk skuleplass

Vg1 studiespesialisering med teknologifag

På vg1 studiespesialisering med teknologifag så følger du undervisning som vanleg på vg1 studiespesialisering. I tillegg får du faget teknologi og forskningslære X som inneheld mykje spanande arbeid.

Du vil få tilgang til eige teknologiverkstad der du når som helst i skuletida kan øve deg i praktiske prosjekt.  

Du vil i tillegg få introduksjon i 3D-printing på skulen sine 3D-printarar. Målet er at kunnskapane du får i desse timane skal gje deg eit godt grunnlag for å lage større prosjekt i vg2 og vg3. 

På våren deltar alle elevar på teknologilina på ei større energimesse saman med næringslivet i vest, der dei knyt kontaktar med, og får nytt inspirerande påfyll frå, næringslivet. 

Elevane øver seg også på å vere kreative, nytenkjande, problemløysande og til å arbeide saman. Dette er kunnskap næringslivet spør etter, også kalla "entreprenøriell kompetanse". 

Vg2 studiespesialisering med teknologifag

På vg2 studiespesialisering med teknologifag vil du følgje vanleg timeløp som studiespesialisering med realfag.

I tillegg har du på denne linja ekstra timar med lærar i verkstad der du får støtte og hjelp til å praktisk byggje større prosjekt som t.d. vasskraftverk. Prosjekta kan vere basert på eigne idear eller på bestilling frå ein av samarbeidspartnarar våre i næringslivet. 

Programfaget teknologi og forskningslære 1 er obligatorisk dette året, og prosjekta vil knytte seg opp mot dette programfaget. 

Vi har etablert tett samarbeid med sentrale aktører innen olje- og gassnæringen, samt andre større og mindre bedrifter på Sotra. 

I løpet av skuleåret vil du også få høve til å dra på bedriftsbesøk til ulike bedrifter i nærmiljøet.  Dersom du ønskjer det vil det også vere høve til å bli utplassert i bedrift  i løpet av skuleåret.

På våren deltar alle elevar på teknologilina på ei større energimesse saman med næringslivet i vest, der dei knyt kontaktar med, og får nytt inspirerande påfyll frå, næringslivet. Her vil du vise fram og presentere prosjektet du har arbeida med for framtidige arbeidsgivarar.

Vi ynskjer å gjere studiene så praksisnære som mogleg, og inviterer derfor samarbeidsbedriftene til oss med reelle teknologiske problemstillingar som kan vere prosjekt for elevane våre. Samarbeidsprosjekt med Universitetet i Bergen er eit av eksempel på dette.

Vg3 studiespesialisering med teknologifag

Det tredjeåret vil du også følgje vanleg timeløp som studiespesialisering med realfag. I tillegg har du også dette året ekstra timar med lærar i verkstad. Der får du støtte og hjelp til å vidareutvikle prosjekta du byrja på i vg2 eller nye prosjekt.

Programfaget teknologi og forskingslære 2 er obligatorisk dette året, og prosjekta vil knyte seg opp mot dette programfaget. Her vil du ta i bruk prosjekta dine og lære å måle og forske på effektar av dine eigne praktiske prosjekt. 

I løpet av skuleåret vil du og få høve til å dra på bedriftsbesøk til ulike bedrifter i nærmiljøet. Dersom du ønskjer det vil det også vere høve til å bli utplassert i bedrift i løpet av skuleåret.

På våren deltar alle elevar på teknologilina på ei større energimesse saman med næringslivet i vest, der dei knyt kontaktar med, og får nytt inspirerande påfyll frå, næringslivet. Her vil du vise fram og presentere prosjektet du har arbeida med for framtidige arbeidsgivarar.

På vg3 reiser vi på studietur til forskingssenteret CERN i Genève i Sveits. 

Vegen vidare

Utdanningsprogrammet fører fram til generell eller spesiell studiekompetanse, som gir deg grunnlag for å søke dei fleste studiar ved høgskular og universitet.  

Teknologilinja gir deg særskilt gode føresetnader for å studere videre til å bli ingeniør/sivilingeniør og til å arbeide innan medisin og forsking.