Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Jenter som jobbar på verkstad.

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi- og industrifag?

Er du praktisk anlagt, har godt handlag, er sjølvstendig og nøyaktig, og er
interessert i ny teknologi?

Då kan teknologi- og industrifag vere faget for deg.

Les meir om faget på vilbli.no

Vi tilbyr

Etter vg1 kan du ta desse faga hjå oss:

  • Vg2 Industriteknologi
  • Vg2 Kjøretøy

Dette tilbodet finn du på skulestad Bildøy

 

Søk skuleplass

Vg1 teknikk og industriell produksjon

På vg1 får du ein introduksjon til dei viktigaste arbeidsmetodane innan fagområdet. Du lærer å teikne, sveise og du får opplæring i maskiner som fres, dreiebenk og CNC-maskin (ein datastyrt fres).

 Felles programfag dette året er:

  • Dokumentasjon og kvalitet
  • Produksjon
  • Tekniske tenester

Vg2 industriteknologi

Industriteknologi er eit av dei breiaste yrkesfaga, og gir moglegheiter for å gå ut i lære på mange fagområde. 

Her lærer du å skjere, kutte, sage, sveise, frese og mykje anna etter arbeidsteikningar. Vi brukar mykje tid i verkstaden for å gi deg eit best mogleg utgangspunkt før læretida.

Skulen sitt gode samarbeid med bedrifter og opplæringskontor innan fagområde bidrar ofte til lærekontraktar for elevane våre. Du vil også kunne få knytte deg kontaktar med arbeidsgjevarar gjennom fire veker praksis i året.

Vg2 kjøretøy

I dette faget vil du lære alt du treng å vite om bil og motor. Vi tilbyr opplæring i fine verkstadslokale med oppdatert utstyr. Her får du kjennskap til nyare bilar sine motorar, mekanikk og elektronikk då vi via våre samarbeidspartnere i næringslivet får tilsendt dei nyaste modellane på markedet.

Du kan spesialisere deg innan lette kjøretøy, tunge kjøretøy, motormekanikarfaget, motorsykkelfaget og reservedelsfaget i læretida i bedrifter. 

I løpet av skuleåret får du fire veker praksis ute i bedrift.

 

Utdanningsprogrammet fører fram til generell eller spesiell studiekompetanse, som gir deg grunnlag for å søkje dei fleste studiar ved høgskular og universitet.  
Teknologilinja gir deg særskilt gode føresetnader for å studere videre til å bli ingeniør/sivilingeniør og til å arbeide innan medisin og forsking. 

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lese meir om det å bli lærling

Om du ikkje vil søkje læreplass kan du også ta påbygg til generell studiekompetanse. Du får då studikompetanse og kan gå vidare på høgskule/universitet. Du kan også ta påbygg til generell studikompetanse etter du har tatt fagbrev.