Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje studiespesialisering?
Kunne du tenkje deg å studere på høgskule/universitet? Likar du teoretiske fag? Då er studiespesialisering noko for deg.
På vg2 vel du mellom to ulike programområde
Her kan du, alt etter kva programområde du vel, fordjupe deg innan humanistiske fag, lære kritisk tenking og fagleg refleksjon, fordjupe deg innan samfunnsfag, historie, markedsføring, språk, rettslære og mykje meir.
Les meir om faget på vilbli.no
Vi tilbyr
Etter vg1 studiespesialisering kan du velje mellom:
- Vg2 språk, samfunnsfag og økonomiske fag
- Vg2 realfag
Desse tilboda har vi på skulestad Bildøy.
Vi er også ein av to skular i landet som har ei teknologilinje. Studiespesialisering med teknologifag er ei spesiell linje for deg som ønskjer å fordjupe deg i realfaga allereie frå vg1. Trykk på denne lenkja for å lese meir om studiespesialisering med teknologifag