Hopp til hovedinnhold

Restaurant- og matfag

Elev i kokkeutstyr som prøvesmakar maten

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje restaurant- og matfag?

Er du interessert i matlaging, kosthald og ernæring? Likar du å tilberede og servere mat? Då kan restaurant- og matfag vere faget for deg.

Dette er ei yrkesfagleg utdanning som fører frem til heile 12 ulike fagbrev.

Du kan lese meir om dei ulike retningane på nettsida til Opplæringskontorene for restaurant og matfag - FORM

 

Du vil lære om kosthald, næringsmidlar og ernæring, om tilbereding og servering av mat, korleis du skal behandle råvarer, mat og drikke og mykje meir.

Les meir om faget på vilbli.no

 

Vi tilbyr

Etter vg1 restaurant- og matfag kan du ta vg2 kokk og servitør her på skulen vår.

Vi har også vg1 restaurant- og matfag for tilrettelagte gruppar. Dette tilbodet finn du på skulestad Bildøy.

Les meir om  tilbodet for tilrettelagte grupper her

 

Søk skuleplass

Vg1 restaurant og matfag

På vg1 restaurant- og matfag lærer du grunnteknikkar med kutting og koking, å lage enkle matrettar, å bake og meir. Dette året arbeider du mykje på kjøkken, og har teoriundervisning utanom.

Du arbeider med mange prosjekt både på skulen og utenom, til dømes med å arrangere julebord for skulen sine elevar og tilsette.

Du vil vere mykje ute i praksis i bedrifter i løpet av skuleåret.

Vg2 kokk og servitør

På vg2 kokk og servitør bygger du vidare på det du har lært i vg1 restaurant- og matfag.

Du vil være mykje ute i praksis i bedrifter i løpet av skuleåret. Du vil og lære å starte opp og drive din eigen  ungdomsbedrift.

Felles programfag dette året er:

  • Kosthold, ernæring og helse
  • Råvarer og produksjon
  • Servering, bransje og miljø


I prosjekt til fordjupning vel du om du vil arbeide som kokk eller som servitør. 

Kokkefaget

Du vil du lære å lage matretter av ulike slag slik at du kan gå ut i lære som kokk.

Servitør

Du lærer korrekt oppdekking, kundebehandling og rett serveringsmetode/teknikkar slik at du blir godt rusta til læreplassar som servitør.

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lese meir om det å bli lærling

 

Om du ikkje vil søkje læreplass kan du også ta påbygg til generell studiekompetanse. Du får då studikompetanse og kan gå vidare på høgskule/universitet. Du kan også ta påbygg til generell studikompetanse etter du har tatt fagbrev.