Hopp til hovedinnhold

Idrettsfag

Glade elever på toppen av et fjell

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Kvifor velje idrettsfag?

Er du aktiv idrettsutøvar? Glad i fysisk aktivitet og friluftsliv? Kunne du tenkje deg å satse på idretten eller arbeide med idrettsfag? Då er kanskje idrettsfag noko for deg.

Her kombinerer vi trening og fysisk aktivitet med teoretiske fag, og du får óg eit godt grunnlag til å ta på deg trenarjobbar innan idretts- og friluftsliv etter desse tre åra.

Vi har engasjerte og høgt utdanna lærarar og eit inkluderande skulemiljø, med stort fokus på elevmedverknad.

Studietilbodet er delt mellom Sotra Arena og Bildøy.

Driv du idrett på kretsnivå eller landslagsnivå, kan du no få tilleggspoeng når du søkjer deg inn i videregående skole. For å få disse tilleggspoenga så må du få stadfesta av krinsen eller landslagsnivået at du driv i idretten din. 

Les meir om faget på vilbli.no

Vg1 idrettsfag

På vg1 studieførebuande med idrettsfag får du innføring i ulike idrettar. Du vil også få innføring i livberging og førstehjelp og kunnskap om regelverk innan idrettssjangrar.

Du vil lære å planleggje og gjennomføre treningsopplegg for deg sjølv og andre. Du vil óg lære grunnlegjande kunnskap innan friluftsliv.

På vg1 har vi minst ein lengre tur i året.

Du kan velje toppidrett eller breddeidrett som programfag når du går på idrettsfag.

Vg2 idrettsfag

Du vil dette året byggje vidare på dei kunnskapane du tilegna deg i vg1.

Du vil få ein djupare kjennskap til nokre utvalde idrettar frå vg1, men du vil også få kjennskap til nye idrettar du ikkje har hatt før.

Dette året vil talet på timar i idrettsfag auke. 

Du held fram med topp- og breiddeidrett, og vil også reise ut på turar i friluftsliv.

Vg 3 idrettsfag

Du vil dette året bruke ein større del av skuletida til å trene eigen idrett. Du vil få god rettleiing for best mogleg utbytte av treninga.

Du vil også få kjennskap til korleis du kan trene fornuftig og målretta.

I løpet av skuleåret vil du dra på fleire kortare og lengre turar med fokus på friluftsliv.

Vegen vidare

Utdanningsprogrammet fører fram til generell studiekompetanse, som gir deg grunnlag for å søkje dei fleste studium ved høgskular og universitet.