Bygg- og anleggsteknikk

 Bilde av elev

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg-og anleggsteknikk?

 

Har du pågangsmot, godt humør, er kreativ, har arbeidslyst og kunne tenkje deg ei utdanning med teori og praktisk arbeid? Då er bygg-og anleggsteknikk faget for deg.

Her lærer du å byggje og vedlikehalde bygningar og anlegg, og du får ein kvardag med varierande arbeidsoppgåver i ulike miljø.

Les meir om faget på vilbli.no.

Søk skuleplass!

Vi tilbyr

Etter vg1 bygg- og anleggsteknikk kan du ta byggteknikk på vg2 her hjå oss. Dette faget finn du på skulestad Skogsvåg.

Vi gir deg opplæring i moderne og godt utstyrte lokale, og du kan få delta i samarbeidsprosjekt med andre skular utanlands. Vi har engasjerte og høgt utdanna lærarar og eit nært samarbeid mellom skule og bedrifter.

I haust starta vi opp ungdomsbedrifta Grønn Tømrer, der berekraft og miljø dannar føresetnaden for framtidige bygg. I filmen under kan du få eit innblikk i kva vi driv med her.

 

Første skuleåret (vg1)

I løpet av skuleåret vil du få ei innføring i dei forskjellige yrkesretningane utdanningsprogrammet inneheld. Mykje av dette går føre seg på skulen, men ein må også rekne med å måtte oppsøkje bedrifter for å få den nødvendige kunnskapen ein treng.

Du vil lære om produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg. Opplæringa i felles programfag i byggteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar.

Andre året (vg2)

På vg2 tek du skrittet vidare i den retninga du ønskjer.  Hjå oss kan du spesialisere deg i følgjande yrke:

  • betongfagarbeidar
  • murar
  • stillasbyggjar
  • tømrar

 

Opplæringa i felles programfag i byggteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid og tverrfaglege arbeidsoppgåver.

BIlde grinding.jpg

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lese meir om det å bli lærling.

Om du ikkje vil søkje læreplass kan du også ta påbygg til generell studiekompetanse. Du får då studiekompetanse og kan gå vidare på høgskule/universitet. Du kan også ta påbygg til generell studikompetanse etter at du har tatt fagbrev.