Helse- og oppvekstfag

Bilder av elever på øvingsrom

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Dersom du likar utfordringar og ansvar, og likar å jobbe med menneske er dette faget for deg.

Du lærer å samhandle med menneske i alle livssituasjonar, får varierte og utfordrande oppgåver, og det er mykje praksis knytt til utdanninga.

Les meir om faget på vilbli.no.

Vi tilbyr

Etter vg1 helse- og oppvekstfag kan du her hjå oss ta:

  • Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Vg2 helsearbeidarfaget

Dette tilbodet er lagt til skulestad Skogsvåg.

Søk skuleplass!

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Du som vel helse- og oppvekstfag, må bry deg om og kunne ta omsyn til andre menneske. Du bør ha gode kommunikative evner og evne til samhandling for å kunne arbeide med menneske i alle livssituasjonar.

På vg1 får du kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar og arbeidsmiljø. Du lærer òg mykje om kulturforskjellar og kommunikasjon, og du lærer å vere ein god yrkesutøvar. 

Det er praksis både haust og vår.

Vg2 Helsefagarbeidar

I programfaga på vg2 helsefagarbeidar lærer du korleis fremje trivsel og psykisk og fysisk helse hjå brukarar og pårørande. Helsefagarbeidarfaget skal bidra til å dekkje behovet samfunnet vårt har for kompetente helsefagarbeidarar som møter pasientar og pårørande på ein profesjonell måte. Gjennom undervisninga vil du tilegne deg praktiske og teoretiske kunnskapar som gjer deg godt rusta til å yte omsorg, jobbe med førebyggjande og rehabiliterande helsetiltak, handtering av medikament og mykje meir.

Det er praksis både haust og vår.

Vg2 barne- og ungdomsarbeidar

På vg2 barne- og ungdomsarbeidar vil du få kunnskap om korleis barn og unge lærer. Du vil og lære å utvikle evna til kommunikasjon i møte med barn, unge og foreldre, tilpassa kulturell bakgrunn, funksjonsnivå og livssituasjon.

Du vil lære å observere, planleggje, leggje til rette og velje passande pedagogiske metodar for arbeid med barn og unge i alderen 0-18 år. I tillegg vil du òg bli rettleia i etiske utfordringar.

Praksis er kvar haust og vår.

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lese meir om det å bli lærling.

Om du ikkje vil søkje læreplass, kan du også ta påbygg til generell studiekompetanse. Du får då studikompetanse og kan gå vidare på høgskule/universitet. Du kan også ta påbygg til generell studikompetanse etter du har tatt fagbrev.