Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

To jenter som jobbar

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje elektro og datateknologi?

I dette faget treng ein logisk tenkjemåte og kreativitet, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Du vil få ei praktisk utdanning med utfordrande arbeidsoppgåver.

Her vil du lære om installasjon, vedlikehald og reparasjon av elektriske og elektroniske system.

Les meir om faget på vilbli.no

Etter vg1 elektro og datateknologi kan du her hjå oss velje mellom desse faga:

  • vg2 elenergi
  • vg2 automatisering
  • vg3 automatiseringsfaget

Dette tilbodet finn du på skulestad Bildøy.

Søk skuleplass

Vg1 elektro og datateknologi

På elektrofag kan du blant anna lære å byggje stereoforsterkarar, montere lys og varme, antenneanlegg, porttelefonar, brannalarmanlegg og ringjeanlegg. Du lærer å kople automatiserte motoranlegg og bruke simuleringsprogram på data. 

Du lærer å arbeide nøyaktig og systematisk og trygt med alle typar elinstallasjonar.

Elevar på vg1 har praksis i bedrifter i løpet av det første skuleåret.

Vg2 elenergi og ekom

På vg2 elenergi lærer du å arbeide med elektriske lågspenningsanlegg, elektrisk utstyr og elektriske installasjonar som blir brukt til distribuering og forbruk av elektrisk energi. Dette kan gjelde både bustadhus og andre bygningar og industri og store installasjonar. 

Du lærer teori om korleis ein produserer elektrisk energi i ein kraftstasjon, og korleis ein fører strøm fram til brukaren.

Vg2 automatisering

Automatiserte system og høgt kvalifiserte fagarbeidarar innanfor automasjon er viktige for at vårt høgteknologiske samfunn skal fungere optimalt.

Som automatikar skal du kunne litt om mykje: Kople elektriske anlegg etter teikningar, programmere maskinar, lage maskindelar, sveise, dreie, lage grafiske grensesnitt og meir.

Vg3 automatiseringsfaget

Automatiseringsfaget krev eit tredje skuleår før du kan søke læreplass. Faget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir brukt til kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system.

Dette er eit nesten reint praktisk kurs. Undervisninga går føre seg tverrfagleg, og studietida går for det meste med til praktisk opplæring.

Vg3 automatiseringsfaget finn du på skulestad Bildøy.

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Automatiseringsfaget krev eit tredje skuleår før du kan søkje læreplass. Her kan du lese meir om det å bli lærling

Om du ikkje vil søkje læreplass, kan du også ta påbygg til generell studiekompetanse. Du får då studiekompetanse og kan gå vidare på høgskule/universitet. Du kan også ta påbygg til generell studikompetanse etter at du har tatt fagbrev.