Hopp til hovedinnhold

VIP

På Sotra vgs. nyttar vi verktøya VIP og VIP-makkerskap for å skape eit godt og trygt læringsmiljø. Skuleprogrammet VIP («veiledning og informasjon om psykisk helse i skolen») er eit tiltak som rettar seg mot vg1-elevar i vidaregåande skule

Bilete av eit bål

Hovudmålet med programmet er å gjere elevar betre rusta til å ta vare på eiga psykiske helse og bli oppmerksame på kvar ein kan søkje hjelp. Dette skjer gjennom opplæring av dei tilsette på skulen og av kontaktlærarar på vg1. Vidare skjer dette gjennom samarbeid mellom skule og lokal psykisk helseteneste.  

VIP-makkerskap handlar om å gje elevar ein trygg overgang frå tidlegare skule til ny vidaregåande skule. VIP-makkerskap er ei førebuing til vidare studium og arbeidsliv, gjennom at elevane øver på å vere ein god kollega.

Skulestart er avgjerande for læringsmiljøet til elevane. Her blir det danna viktige venskap, og alle elevane på Sotra vgs. deltek i programmet. Elevane på Sotra vgs. blir frå første skuledag delte inn i makkerpar (to personar). ​​Desse makkerpara høyrer igjen til ei makkergruppe. ​Makkerpar og makkergrupper blir nytta med tanke på undervisning, men også i andre samanhengar på skulen