Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Lærar og elev lagar kunst

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Velkommen til oss!

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for dei ungdommane som har behov for det. Kvar elevgruppe blir knytt opp mot eit utdanningsprogram.

Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av fag som vi kan sjå at eleven vil meistre.

Elevane får eit kompetansebevis ved avslutta skuletid, og det viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Ved skulestad Skogsvåg er klassen knytt opp mot restaurant og matfag, helse- og oppvekstfag og byggfag. Ved skulestad Bildøy er tilbudet knytt opp til programområdet restaurant og matfag.


Mål og formål

For våre elevar vektlegg vi å gje alle eit likeverdig tilbud. Vi set oss som mål at kvar og ein vil oppleva aktiv deltaking i skulekvardag og i samfunnet ellers.

Formålet er å gje elevane kompetanse i arbeidsliv og oppleve livsmestring.

Vil legg vekt på å sjå kvar enkelt elev som som han eller ho er, og stimulere kvar enkelt elev sine moglegheiter.

Det viktigaste for oss er menneskeverd og likeverd, og dette vert avspegla i undervisninga vår.

NB! Søknadsfrist for desse programområda er 1. februar

Søk skuleplass

For deg som likar å arbeide med praktiske oppgåver!

Arbeidslivstrening på vg1 bygg- og anleggsfag er eit tilbod til elevar som treng ekstra oppfølging og tilrettelegging grunna ulike funksjonshemningar.  Her er gruppene små, frå seks til åtte elevar. Elevane har og ekstra oppfølging frå miljøarbeidere. Undervisninga er både teoretisk og praktisk retta.

Som elev arbeider du med praktiske oppgåver og prosjekter i bygghallen. Til dømes å byggje større leikeapparat til barnehagar, lage fuglekasser, badestamp, kvadrathytter og andre byggoppdrag tilpassa den einskilde sitt behov og føresetnader. Du får og integrert undervisning i fellesfag som norsk, engelsk, matematikk og kroppsøving.

Du har rett til å gå på skulen i inntil tre år for å få den kompetansen som trengs for å komme ut i arbeid. Når du er ferdige med opplæringa skal du kunne gå til verna arbeid i ordinært arbeidsliv eller i vekstbedrift.

Har du barn, eller er du sjølv ein elev som ønskjer å gå i tilrettelagt klasse, så ta kontakt med oss for meir informasjon om kva slags tilbod som kan passe. 


Dette tilbodet finn du på skulestad Skogsvåg.

Eit tilbod for elevar som treng ekstra oppfølging og tilrettelagd utdanning.

Arbeidstrening og livsmestring
Avdelinga gir tilpassa opplæring i grupper med redusert elevtal, såkalla kvardagstrening og livsmeistring. Vi har gruppe med seks til åtte elevar.

Livsmestring 
Tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov, og med rett til omfattande spesialundervisning. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ei framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Målgruppa er elevar som har behov for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod, t.d. dagsenter.

Arbeidstrening
For elevar med fremtidig behov for tilrettelagt arbeid, t.d. i vekstbedrift. Dei har rett til spesialundervisning og treng tett oppfølging med tanke på å trene ferdigheiter som er viktige i arbeidslivet og i ein fremtidig busituasjon.

Under opplæringa tar vi for oss:

  • Mat og kosthald; kantinearbeid
  • Friluftsliv, offentleg transport-trening, utedagar med uteskule
  • Livsmeistring, personlege hygiene, klokketrening, hybelmat og sosialt samspel
  • Lesing, skriving, rekning, engelsk
  • Samfunnsfag

Vi legg til rette for at elevane skal kome med innspel, og kvar enkelt elev blir høyrt og forstått i samband med kva dei ønskjer å jobbe med. Dette bidrar til auka motivasjon og hjelper elevane til auka oppleving av eigenverd, til å bli sjølvstendig og ta initiativ.

Dette tilbodet finn du på skulestad Skogsvåg.

Eit tilbod for  elevar med trong for tilrettelagd opplæring i skule som førebuing til arbeidslivet.

Grunnkompetanse er eit tilbod for elevar som treng ekstra tilrettelegging. Elevar som søkjer på grunnkompetanse har gjerne karakterer frå ungdomsskulen, men har utfordringer som gjer at dei fungerer best i små grupper. Gruppene hjå oss er frå seks til åtte elevar, og har miljøfagarbeidar knytta opp mot gruppa.

Her lærer du å lage mat, sosialt samspel og å samarbeide for å kunne fungere ute i arbeid i enten tilrettelagte eller ordinære bedrifter, som restauranter,institusjoner og kantiner. Målet med opplæringen er å bli klar til videre opplæring i bedrift som lærekandidat innenfor restaurant og matfag.

Opplæringen er etter 2+2 modellen. 2 år på skole og 2 år i bedrift som lærekandidat, som avsluttes med en kompetanseprøve, lik fagprøve, og eleven får et kompetansebevis. Ta kontakt med oss for meir informasjon om kva slags tilbod som kan passe.

Dette tilbodet finn du på skulestad Bildøy.

Målet med kvardagslivstrening er å trene elevane til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon.

Kvardagslivstrening er tilrettelagt for elevar med større hjelpebehov enn andre. Målet er å trene elevane  til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon, og opplæringa skal kvalifisere for eit sjølvstendig liv med minst mogleg hjelp.

Hos oss lærer vi å halde heimen rein og ryddig. Vi lærer enkel matlaging på skulekjøkken og vi legg stor vekt på fysisk aktivitet og nyttar ofte turområda i nærleiken. I tillegg har vi tilgang til å jobbe i bygghall, og vi har kroppsøving i flotte lokaler i lokalmiljøa sine idrettshallar. Vi øver mykje på kommunikasjon og samhandling, og er du glad i musikk så får du òg høve til å praktisere interessa i eigne musikktimer.

Mykje av opplæringa går på ting elevane allereie kan, men som dei treng å bli meir sjølvstendige på. Tryggleik og trivsel er også viktig hos oss. Det gir elevane ei god sjølvkjensle, som igjen gjer dei meir sjølvstendige.

Elevane har ulike føresetnader og ulike mål for utdanninga. For nokre elevar vil det difor vere aktuelt å bli utplassert i tilrettelagt arbeid i ei verksemd.
For andre, som til dømes skal ha ein ordinær arbeidsplass på eit dagsenter eller arbeidssenter etter avslutta vidaregåande opplæring, kan det vere aktuelt å trene på daglege gjeremål og ulike formingsaktiviteter. Skulen samarbeider med ulike verna bedrifter, arbeidssenter og dagsenter i nærområdet til elevens heimstad. Elevane blir etter eitt til to år utplassert i bedrift eller starter eit tilvenningsprogram til arbeidssenter og dagsenter. Skulen tilpassar opplæringa til dei aktivitetane det forventes at elevene får i arbeidslivet.

Har du barn, eller er du sjølv ein elev som ønskjer å gå i tilrettelagt klasse, så ta kontakt med oss for meir informasjon om kva slags tilbod som kan passe. 

Dette tilbodet finn du på skulestad Skogsvåg.