I samband med russefeiringa er det inngått ein avtale mellom avdelingsleiar for opplæring og kompetanse og Sotra vidaregåande skule sitt russestyre for russ 2023.
Avtalen skal bidra til at russefeiringa opplevast som positiv, trygg og inkluderande for alle i skulesamfunnet. Avtalen set fokus på at alle elevar, lærarer og andre tilsette på Sotra vidaregaånde skule skal tryggjast mot hærverk og trakassering på skulen sitt område. Læringsmiljøet skal ikkje uroast og skulen og hus i nabolag og nærleiken skal skånast mot hærværk.