Hopp til hovedinnhold

Klage på karakter gjeve i standpunkt, på eksamen eller i orden og åtferd

Som elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.

Du kan klage på alle standpunktkarakterar og ikkje-skriftleg eksamen dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde.

For skriftleg eksamen har du også høve til å klage på eksamenskarakteren, og ikkje om reglar for fastsetting er følgde.

Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.

Klagefristen er ti dagar frå du fekk vedtaket om standpunktkarakter. Sjå §5-5 forskrift til opplæringslova.

Les meir her om korleis du klagar på karakter i standpunkt og eksamen